Kr. 595,12
1 stk (1500 g)
Kr. 396,75
396,75
kr/kg
- +
Not Found
Icon
Beskrivelse

Telemarklam er reint og naturleg kjøt frå lam som kjem rett frå dei frodige fjellbeita i Fyresdal. Heile sommaren beiter dyra i frisk luft på saftig gras, med mykje gode urter og friskt fjellvatn. Terrenget gjer til at dyra får mykje mosjon i løpet av ein sommar! Det gjer ein fantastisk god smak på kjøtet, som du vil merke. Vi sel både ferskt lammekjøt og pinnekjøt, og er opptekne av å lage pinnekjøt av heile dyret. Våre pinnekjøtpakker inneheld difor ikkje berre vanlege ribbesider, men også bogstykker, rygg/sadel, og fenalår. Slik får du som kunde meir kjøt, med mindre bein og feitt pr kilo vare.

Opprinnelsesland

Norge

Innhold

Lam

Allergener

Om produsenten Telemarklam

Not Found

Telemarklam AS vert driven av familien Hopland frå garden Taraldlien i Fyresdal. Odelsjenta Bjørg og mannen hennar, Kim Hopland overtok garden sumaren 2009, og har drive med sau sidan 2010. Dei to er svært opptekne av tradisjonsmat og god dyrevelferd. I fleire år har dei i det små drive med sal av ferskt kjøt og pinnekjøt av lam som kjem rett frå fjellbeite. Alle dei gode tilbakemeldingane på smak og kvalitet gav bokstaveleg talt meirsmak, og i 2017 bestemte dei seg for å satse for fullt og etablere Telemarklam AS.

Les mer om og se flere produkter fra Telemarklam